Volahytta

Volahytta

Om hytta

VOLAHYTTA

Hytta ligg i austenden av Stora Volavatnet, ved ein vakker foss frå Nedsta Piksvatnet/Borgavotni.

Hytta ligg ca 950 m.o.h , i eit høgfjellsområde mellom Voss i sør, Kvitanosi i nordvest, Vikafjellet i nord og Teigdalen i vest. Hytta er plassert fint i austenden av Stora Volavatnet, ved ein vakker foss som renn ut frå Nedsta Piksvatnet/Borgavotni.

Volahytta er ei sjølvbeteningshytte med matlager der ein kan kjøpa proviant til alle måltid, og hytta er open heile året. Ei mindre sikringsbu ligg like ved, med 2 køyer og 8 madrasser.

Hytta og turområdet passar godt for barnefamiliar, spesielt om sommaren og hausten då det er ein knapp times tur frå parkeringsplassen ved Voladammen. Det er mange gode fiskevatn i området og fine turmogelegheiter m.a. til Kvitanosi, ein majestetisk fjelltopp på 1433 m.o.h. nordvest for hytta. Det storfelte utsynet derifrå gjer at ein tur dit bør prøvast dersom veret er godt. Frå hytta er det dagstur til Torvedalshytta og derifrå kan ein gå vidare til hyttene i Stølsheimen.

I hovudhytta er det eit stort opphaldsrom og to soverom med køysenger for 12 personar. I sikringsbua er det to køyesenger for ein person i kvar, og hems med madrasser.

Sengene og madrassene har dyner og rikeleg med ullteppe.Ta med lakenpose eller sovepose. Her er vedfyring, utstyr for matstell og gass til koking. Hyttene har lys frå solcelleanlegg. Det er ikkje mobildekning i hyttene, men oppslag om kvar du kan gå for å få kontakt.

Hovudhytta på Vola gjekk gjennom ei større oppussing sommaren 2017. Hytta fekk nytt kjøkken, eige vaskerom, nytt proviantlager, ny sofaløysing i opphaldsrommet, ny tram framfor inngangsdøra m.m. Alle romma vart beisa og er no lyse i fargen. Sikringshytta fekk samstundes nytt kjøkken.

Sist oppdatert 16.01.2019

Fasiliteter

  • 12v
  • Fiske
  • Mobildekning
  • Bade
  • Teltplass
  • Vedovn

Tilpasset for

  • Hund
  • Barnevennlig

Slik kommer du deg dit

Adkomst sommer

TILKOMST SOMMAR

Du kan koma til hytta etter T-merka sti frå Dyrvedalen (ca. 5 t.), Bavallen (ca. 6 t.), Tvinne (ca. 6 t.), Afdal (ca. 5 t.) frå Tvinnestølen (ca. 1,5 t.) eller Torvedalen (ca. 5 t.) Den T-merka stien frå Dyrvedalen er ny i 2018. Sjå eigen omtale av stien. Om sommaren kan du køyra via Evanger og Teigdalen til Voladammen. I normale snøår kan du rundt jonsok køyra til Eidesfannadalen (ca. 2 t til hytta) og til Voladammen frå midten av juli. Derifrå i T-merka sti, (ca. 1 t) . Bilvegen frå Brekkhus til Voladammen er privat og går gjennom vill og spektakulær vestlandsnatur og er ei oppleving i seg sjølv. Ingen bompengar.

Adkomst vinter

TILKOMST VINTER

Om vinteren kan du gå på ski frå Tvinne/Afdal eller Torvedalen. Du kan og koma til hytta frå Bavallen via Lønahorgi og Tvinnestølen. Om vinteren er det også ein fin tur å gå til hytta frå Dyrvedalen.

I snørike vintrar kan hovudhytta vera nedsnøa, mens snøen rundt sikringshytta pleier å blåsa vekk. Volahytta er ikkje tilgjengeleg frå Brekkhus via Voladammen om vinteren.

Papirkart

Kartblad: 050 Vikafjell